Rezensierte Publikation:
Lucie Korecká: Wizards and Words. The Old Norse vocabulary of magic in a cultural context. ( Münchner Nordistische Studien, Bd. 37 ), München, 2019.
I denne boka om magi i norrøne kjelder tek Lucie Korecká utgangspunkt i ord og termar som er brukte i det norrøne språket til å beskrive ulike former for magi, personar som praktiserte magi, magiske gjenstandar og utøving av magi. Dette er på mange måtar eit heldig utgangspunkt sidan sjølve språket, etymologien til ord, den semantiske meininga og eventuelle endringar i den semantiske meininga, over tid eller frå genre til genre, er gode og interessante kjelder til kva slags oppfatningar som fanst, og til korleis folk tenkte innanfor ein bestemt kultur.
Orda for magi kunne sikkert grupperast på fleire måtar. Korecká har valt å dele dei inn i åtte grupper: 1) termar knytte til kunnskap (‘Terms connected to knowledge’), 2) termar knytte til handlingar eller til eit performativt aspekt (‘Terms connected to action or to a performative aspect’), 3) termar knytte til kryssing av grenser (‘Terms connected to crossing boundaries’), 4) termar knytte til den fjerne fortida (‘Terms connected to the distant past’), 5) termar knytte til makt (‘Terms connected to power’), 6) termar knytte til svik/narring (‘Terms connected to deceit’), 7) termar knytte til synging eller snakking (‘Terms connected to chanting or speaking’) og 8) termar knytte til utføringa av magisk praksis (‘Terms connected to the ways of magical practice’). Innanfor kvar gruppe gjev ho først opplysningar om etymologien til dei aktuelle orda, og deretter vert innhaldet i ulike ord og termar forklart gjennom kommenterte sitat frå norrøne tekstar.
Nokre av dei ord og termar Korecká analyserer, slike som t. d. galdr, seiðr, útiseta og trolldómr, er ord som utvitydig signaliserer magi. Andre ord ho tek med i granskinga, kan stå for magi av ulikt slag berre i visse samanhengar. Slike ord er t. d. kunnátta, fróðleikr, ákvæði, álag, formáli og fleire. Eigentleg kunne orda for magi plasserast på ein skala frå ord som alltid signaliserer magi, over ord som ofte gjer det, avhengig av kontekst, til ord som berre no og då får slik tyding. Orda i dei siste gruppene vil normalt stå for mindre alvorlege former for magi. Dette er eit forhold det med fordel kunne ha vore gjort merksam på innleiingsvis i boka.
Også det forholdet at slett ikkje alle skildringar av magi inneheld ord som står for magi i ei eller anna form, kunne ha kome klarare fram. Korecká nemner dette. Under drøftinga av orda hamrammr og sjónhverfingar gjer ho merksam på at desse orda ikkje er brukte i teksten. Dette tolkar ho slik at forteljaren vil distansere seg frå innhaldet i desse forteljingane (s. 130 og 131). Men det er faktisk så vanleg at termar som karakteriserer ei form for magi, ikkje er brukte i teksten som fortel om magiske handlingar, at ein må vere varsam med å tilleggje forfattar eller skrivar eit særleg motiv. Orda som står for magi, som t. d. trolldómr eller gerningar, har som regel eit ganske vidt semantisk innhald, og sjølv om det å ta utgangspunkt i dei norrøne termane for magi sikrar eit godt og tekstnært utgangspunkt i dei norrøne kjeldene, så er det likevel sjølve forteljingane som skildrar magien, som gjev dei klare bileta av kva dette dreier seg om. Dette er slik heilt uavhengig av om eit spesielt ord for magi er nemnt eller ikkje. Eit godt døme på dette har vi t. d. i Jómsvíkingadrápa, str. 2, av den orknøyske biskopen Bjarni Kolbeinsson. Han nemner i ei versline at han aldri har drive med galdr, men i same strofa nemnen han to andre former for magi: han har ikkje skaffa seg kunnskap under ein foss, og han har ikkje lært skaldskap under hengd mann. I dei to siste døma karakteriserer han ikkje magien med eit spesielt ord, men han gjev svært detaljerte opplysningar om magiske handlingar. Det er rimeleg å tru at oversynet Korecká gjev over norrøne ord for magi, kunne freiste mange til å søkje på desse orda for å finne dei aktuelle omtalane av magi i norrøne tekstar. Ein del interessante tekststader vil då gå under radaren.
Korecká byggjer analysen sin på eit utval av norrøne tekstar, særleg frå islendingesoger og kongesoger, men også frå eit vidt spektrum av andre genrar som fornaldarsoger og originale islandske riddarsoger, eddadikt og skaldedikt, lover, Landnámabók, og til og med religiøse tekstar.
I kristen tid fanst det offisielt ei negativ haldning til all magi. Korecká peikar på at det likevel er ulike haldningar til ulike former for magi, at det kan finnast ulike haldningar i ulike genrar og i tekstar frå ulike tider. Det ville ha vore interessant om Korecká også hadde gått noko meir inn på å forklare ulikskapane. I nokre tilfelle er den negative haldninga til magi sjølvinnlysande som i kristenrettane og i religiøse tekstar, men i andre tilfelle kunne ein diskusjon av grunnane til ulike haldningar vere på sin plass. Faktisk er det også slik at sjølv i tekstar med den mest negative haldninga til magi kan ein, om ein les mellom linene, oppdage at det også har funnest positive haldningar i samfunnet. Korecká gjev ein relativt brei omtale av samisk magi (92–107). Som ho slår fast, har denne magien som oftast negative konnotasjonar. Men om ein ser på sitata frå dei to austnorske kristenrettane (s. 92–93), så går det også fram at mange nordmenn må ha gjort seg nytte av magien til samane. Særleg sitatet frå Eldre Eidsivatingslov er interessant, for her framgår det at nordmenn har oppsøkt samane for å få medisinsk hjelp – det framgår av setninga eða læita ser þar bota (‘leite seg der lækjedom’) som står i note på s. 93 og er sitert på s. 46. Dei som har oppsøkt samane og magien deira for å få lækjedom, må vi rekne med har hatt positive haldningar både til samane og magien deira.
Korecká ser magien i den norrøne kulturen i forhold til omgrepet ‘otherness’. Menneska som driv med dette, står på utsida av det ordna samfunnet, eller er å finne på yttergrensene av samfunnet utanfor lov og orden. Dette kan nok passe for den kristne tida som er den tida som for det meste er reflektert i dei kjeldene Korecká brukar. Men det er eit interessant spørsmål om bruk av magi var eit like marginalt fenomen i det førkristne samfunnet.
Undertittelen på Koreckás bok er ‘The Old Norse vocabulary of magic in a cultural context’. Old Norse omfattar både norsk og islandsk – i tillegg til språket og kulturen til menneska i andre nybyggjarområde i vest som i det vesentlege hadde utvandra frå Noreg. Når ho i innleiinga grunngjev bruken av kjeldene, og kva kjelder ho legg mest vekt på, med at «they seem to best reflect the 13th-century Icelanders’ attitude to their own past and cultural heritage» (s. 3), og dette også vert understreka på den neste sida, så vert ein litt i villreie om kor vidt område ho inkluderer i granskinga si. Sitatet tyder på at boka berre handlar om magi i den islandske kulturen. Men les ein vidare i boka, ser ein at Korecká også byggjer på norske kjelder. Norske lover er faktisk meir brukte kjelder enn islandske lover, og ho brukar også statuttar frå den norske erkebiskopen, ei norsk kongesoge (Ágrip), ei norsk latinsk krønike (Historia Norvegie), Norsk homiliebok og norske skaldedikt. Heilt mot slutten av boka presiserer ho igjen at det er islendingane sine haldningar til magi og islendingane sine haldningar til si eiga historie boka handlar om (sjå s. 292). Dette vert unekteleg litt rart. Dei norske kjeldene er ikkje gode kjelder til islandske haldningar og til korleis islendingane ynskjer å framstille si eiga historie. Eigentleg er det berre islandske tekstar som fortel om fortida, som kan brukast til dette.
Den relativt breie omtalen av samisk magi passar også dårleg inn som kjelder til islendingane sine haldningar til eiga fortid. Islendingar som vitja Noreg i mellomalderen, kan gjerne ha møtt samar. Landnámabók inneheld også opplysningar om landnåmsmenn med samisk opphav, så samisk magi har ikkje vore ukjend for islendingane. Men Korecká har nok rett i at «the Finns gradually faded out of the Icelanders’ memory» (s. 137). Men for nordmenn ser det ut for at slik magi har vore velkjend. I sitatet frå Eldre Eidsivatingslov (s. 46 og 93) er det forbode for nordmenn m. a. å tru på [makta til] samane, på vitt og rót. I denne konteksten er det nærliggjande å tolke rót som samisk sieidi (heilag kultstad) laga av trerot, og vitt som samisk tromme. Dette er meir presise forbod enn krav om ei generell avstandstaking til magi, slik Korecká less desse lovtekstane. Samane i nordisk mellomalder var kanskje heller ikkje fullt så eksotiske og fjerne som det ofte vert framstilt. Korecká ser samane som menneske som levde i «the cold far North» (s.92). Det gjorde dei, men dei levde også lenger sør. Sørsamane levde så langt sør som i indre område av Austlandet. Når dei austnorske kristenrettane, som Korecká brukar som kjelder til samisk magi, m. a. forbyr nordmenn å fare á finnmǫrk, så tyder det ikkje Finnmark, det nordlegaste området i Noreg, men finnmǫrk er eit ord som kan brukast om skogar og grenseområde der samane held til. Nærkontakten med den samiske kulturen i Noreg og kjennskapen til og bruken av samisk magi er også med på markere eit skilje når det gjeld kva slags magi som vart praktisert innanfor det norrøne området.
No spelar det kanskje ikkje svært stor rolle for det som nok er hovudmålet med boka, nemleg å gje eit bilete av magi i den norrøne kulturen gjennom ein analyse av ord og termar for magi. Dei former for magi som fanst, var nok i høg grad samanfallande på Island og i Noreg. Men sjølv om kontakten mellom dei to landa var svært nær, så var avstanden stor, og det ville derfor vere eit aktuelt spørsmål å stille om ulike former for magi, og haldninga til magi, kanskje utvikla seg ulikt i dei to landa. Korecká peikar på ulikskapar mellom ulike genrar og ulike periodar når det gjeld haldninga til magi, men spørsmålet er om ikkje geografisk variasjon også er ein faktor som i det minste burde nemnast. Slik ulikskap fanst. Under kapittelet som behandlar vǫlva, skriv Korecká at meininga av ordet norn gjekk gjennom ei liknande meiningsendring som ordet vǫlva, og utvikla seg til å tyde ‘witch’. Hadde Korecká drege inn fleire norske kjelder, ville ho ha sett at denne endringa i det semantiske innhaldet av ordet norn ikkje fann stad i Noreg.
Koreckás tolkingar av dei norrøne tekstane ho brukar, og forklaringane og kommentarane til termane for magi og dei motiva termane inngår i, er gjennomgåande gode, og kan tene som ei god innføring i emnet. Det finst likevel nokre tilfelle der det er vanskeleg å vere samd med henne. Når ho meiner at útiseta ikkje føregår ute, men meiner at handlinga føregår utanfor «the sphere of civilized human society» (s. 70), så kan eg ikkje sjå at ho har støtte i kjeldene for denne tolkinga. Det er også litt vanskeleg å forstå kvifor Korecká ikkje synest å oppfatte sjónhverfingar som ram trolldom. Om eg forstår henne rett, så meiner ho dei sjónhverfingar Katla i Eyrbyggja saga utfører, er ganske uskuldige saker (s. 211). Men reaksjonen frå samfunnet – ho vart steina – tyder på det motsette.
Omsetjingane av norrøne tekstar er for det aller meste gode og rette. Nokre få stader kunne ein ha ynskt ei litt meir presis omsetjing av ord og termar, som når villa i sitatet frå Nyare Gulatings kristenrett (s. 251), og nokre andre stader, er omsett med ‘superstition’. Då tonar ein ned graden av alvoret i brotsverket litt for mykje. I sitatet frå Eldre Gulatingslov på s. 51 er hindrvitu (som normalt har forma hindrvitni) omsett med ‘idolatry’, men hindrvitni har ei vidare og meir generell tyding, ‘sorcery’ ville ha vore betre. I sitatet frå Laxdœla saga på s. 206 er harðsnúin frœði omsett med ‘complicated lore’, men ‘strong words of wisdom’ ville ha vore meir presist. Dette er pirk, men i omsetjingane av norrøne ord og termar for magi er det viktig å kome så nær innhaldet i det norrøne ordet som mogeleg for å gje eit presist bilete av den norrøne magien.
I omsetjinga av strofer frå eddadikt har Korecká valt å bruke teksten til Larrington (2014). Valet er forståeleg, men same kor god ei omsetjing av eddadikt måtte vere, så vil ein omsetjar av poesi måtte ta omsyn til mykje anna enn å få fram ei heilt presis omsetjing av dei orda som er brukte i originalteksten. Kanskje ei prosaomsetjing som ville gjere det mogeleg å leggje seg nærmare den norrøne teksten, ville vere eit betre alternativ i dette tilfellet?
Korecká har valt å normalisere norrøne tekstar der ho brukar utgåver som inneheld unormalisert tekst. Det vil nok mange lesarar vere takksame for. Det er lite feil i dei norrøne sitata, og få som er forstyrrande. Unntaket er valgardr, s. 45, men lesarar som stussar, vil sikkert ha vett nok til å slå opp i Baldrs draumar, str 4, og finne ut at ordet skal vere valgaldr. Nokre manglande lengdeteikn har snike seg inn her og der, som i spádomi og svikir på s. 51, men slikt har alle som siterer norrøn tekst, opplevd. Det ser ut for at ‘æ’ er brukt ganske gjennomført for ‘œ’. Men her er det kanskje forlaget som er å laste om dei har brukt ein font som ikkje skil tydeleg mellom kursiv ‘æ’ og ‘œ’.
Norrøn magi har, som Korecká nemner (s. 5), i seinare år vorre eit populært emne. Ho nemner innleiingsvis nokre forfattarar og verk om magi frå dei seinare åra, og nokre tilvisingar til faglitteratur finst det også seinare i boka, men her kunne Korecká gjerne ha gjeve litt meir plass til tidlegare forskarar og syna deira, om ikkje anna i fotnotar. Bibliografien i boka er ikkje særleg omfattande når ein tek omsyn til at norrøn magi er eit ganske stort emne. Korecká tek eit interessant grep med å ha fokus på norrøne ord og termar for magi, og ho har skrive ei leseverdig bok, men ho står også i ein forskartradisjon som ho burde ha gjort litt meir synleg.
Endeleg må det nemnast at denne meldaren saknar ein index. Det er arbeidskrevjande å lage ein god index. Men om ein slik fanst, ville det vere betydeleg lettare å finne fram i boka.
© 2021 Mundal, publiziert von De Gruyter
Dieses Werk ist lizensiert unter einer Creative Commons Namensnennung 4.0 International Lizenz.
Artikel in diesem Heft
- Frontmatter
- Articles
- Collaborative Authorship and Postmigration in Jonas Hassen Khemiri’s Novel Montecore
- Antropocæn økopoesi og komplekse skalaforhold
- Mordmedieringer
- Gender Trouble / Genre Trouble – Cecilie Løveids Østerrike
- Dänemark – Hollywood – Europa
- „I dette sataniske Evangelium“
- The Emblem Texts at Tådene, Västergötland
- “ek hræðumz ekki þik” – The dvergar in translated riddarasǫgur
- Reviews
- Daniela Hahn: Diebstahl und Raub in den Isländersagas. Einfallstore in die norröne Erzähl- und Vorstellungswelt
- Vera Johanterwage: Buddha in Bergen. Die altnordische Barlaams ok Josaphats saga
- Natalie M. van Deusen: The Saga of the Sister Saints. The Legend of Martha and Mary Magdalen in Old Norse-Icelandic Translation
- Lucie Korecká: Wizards and Words. The Old Norse vocabulary of magic in a cultural context
- Elena Brandenburg: Karl der Große im Norden. Rezeption französischer Heldenepik in den altostnordischen Handschriften
- Andrea De Leeuw van Weenen: AM 677 4°. Four Early Translations of Theological Texts: Gregory the Great’s Gospel Homilies, Gregory the Great’s Dialogues, Prosper’s Epigrams, De XII Abusivis Saeculi, edited and morphologically analysed by Andrea de Leeuw van Weenen
- Kevin Müller: Schreiben und Lesen im Altisländischen. Lexeme, syntagmatische Relationen und Konzepte in der Jóns saga helga, Sturlunga saga und Laurentius saga biskups
- Hans-Peter Naumann: Metrische Runeninschriften in Skandinavien. Einführung, Edition und Kommentare. Unter Mitarbeit von Marco Bianchi und Ulrike Marx-Alberding
- Malin Sandberg: Från beslut till broschyr. Intertextualitet, äldre och kultur i texter inom en statlig satsning
- Kerstin Gräfin von Schwerin: Friederike Brun. Weltbürgerin in der Zeitenwende. Eine Biographie
- Stephanie Reinbold: Unzuverlässiges Erzählen in der modernen schwedischen kinderliterarischen Phantastik
- Søren Blak Hjortshøj: Son of Spinoza. Georg Brandes and Modern Jewish Cosmopolitanism
Artikel in diesem Heft
- Frontmatter
- Articles
- Collaborative Authorship and Postmigration in Jonas Hassen Khemiri’s Novel Montecore
- Antropocæn økopoesi og komplekse skalaforhold
- Mordmedieringer
- Gender Trouble / Genre Trouble – Cecilie Løveids Østerrike
- Dänemark – Hollywood – Europa
- „I dette sataniske Evangelium“
- The Emblem Texts at Tådene, Västergötland
- “ek hræðumz ekki þik” – The dvergar in translated riddarasǫgur
- Reviews
- Daniela Hahn: Diebstahl und Raub in den Isländersagas. Einfallstore in die norröne Erzähl- und Vorstellungswelt
- Vera Johanterwage: Buddha in Bergen. Die altnordische Barlaams ok Josaphats saga
- Natalie M. van Deusen: The Saga of the Sister Saints. The Legend of Martha and Mary Magdalen in Old Norse-Icelandic Translation
- Lucie Korecká: Wizards and Words. The Old Norse vocabulary of magic in a cultural context
- Elena Brandenburg: Karl der Große im Norden. Rezeption französischer Heldenepik in den altostnordischen Handschriften
- Andrea De Leeuw van Weenen: AM 677 4°. Four Early Translations of Theological Texts: Gregory the Great’s Gospel Homilies, Gregory the Great’s Dialogues, Prosper’s Epigrams, De XII Abusivis Saeculi, edited and morphologically analysed by Andrea de Leeuw van Weenen
- Kevin Müller: Schreiben und Lesen im Altisländischen. Lexeme, syntagmatische Relationen und Konzepte in der Jóns saga helga, Sturlunga saga und Laurentius saga biskups
- Hans-Peter Naumann: Metrische Runeninschriften in Skandinavien. Einführung, Edition und Kommentare. Unter Mitarbeit von Marco Bianchi und Ulrike Marx-Alberding
- Malin Sandberg: Från beslut till broschyr. Intertextualitet, äldre och kultur i texter inom en statlig satsning
- Kerstin Gräfin von Schwerin: Friederike Brun. Weltbürgerin in der Zeitenwende. Eine Biographie
- Stephanie Reinbold: Unzuverlässiges Erzählen in der modernen schwedischen kinderliterarischen Phantastik
- Søren Blak Hjortshøj: Son of Spinoza. Georg Brandes and Modern Jewish Cosmopolitanism